Etablert 1975
Kvam Elektro vart etablert i 1975 av Øystein Laupsa. Sidan då har verksemda vore ei velkjend elektrobedrift blant dei lokale i Kvam og omegn. Sidan 1995 har bedrifta vore medlem i Elfag og seinare også i butikkjeda Power. Med over 110 medlemsbedrifter over heile landet er Elfag ein av Noregs mest kjende elektrikarkjeder. Som medlem i Elfag strekkjer våre elektrikarar seg alltid etter å finne dei beste løysingane for kundane våre, og me er stolte over å opptre påliteleg og ryddig. Me garanterer kvalitet på arbeidet vårt, samt materiell og utstyr i 5 år.
I dag er det Tormod Laupsa som er dagleg leiar for bedrifta, som har 10 tilsette. Saman kan me hjelpe deg med alt innan elektrisk arbeid, enten det gjeld bustad, fjøs, industri, næring eller større prosjekt. For komplett montering av varmepumper har me ein eigen montør. I butikken vår tilbyr me også eit breitt utval av spennande varer frå Power-kjeda, lampar og elektromateriell. Dersom du treng levering, montering eller reparasjon av kvitevarer, kan me og hjelpe deg med dette!
Kontakt oss i dag for å nytte vår ekspertise og profesjonelle elektrikartenester. Me er klare til å levere kvalitetsarbeid som oppfyller dine elektriske behov!